Melding om oppstart av plan: 0563.00 Detaljregulering for Storgata, Bryne

Time kommune gjev med dette melding om at følgjande reguleringsarbeid er sett i gang i samsvar med § 12-8 i Plan- og bygningslova: Plan 0563.00 – Detaljregulering for Storgata, Bryne 

Planområdet omfattar sjølve gateløpet i storgata, og er på om lag 10 daa,. Planen vil ikkje ta for seg sjølve bygningsmassen på tilstøytande eigedommar.

Formålet med planen er å gjere sentrum meir attraktivt gjennom å regulere Storgata til gågate. Planen legg til rette for prioritering av gåande og syklande, samt opphald og aktivitet for alle aldersgrupper. Gågata er ein viktig føresetnad for å knytte sentrum av Bryne tettare saman.

Plangrense 0563 Storgata

Tiltaket er vurdert å ikkje utløyse krav til konsekvensutgreiing (KU) etter plan- og bygningslova § 4-2, jf. Forskrift om konsekvensutgreiing. 

Plandokument

01 0563_Storgata_Planinitiativ_19122024 (PDF, 2 MB)

02 Plangense 0563_00 Storgata (PDF, 3 MB)

03 Storgata stedsanalyse dokument 181224 (PDF, 25 MB)

For nærmare informasjon kan du kontakte Einar Ødegaard Skadberg i Time kommune, via innbyggarservice telefon 51 77 60 00. 

Det vil bli gjennomført eit ope folkemøte tysdag den 28.01.2025 klokka 17:00 i kommunestyresalen i Time rådhus.

Eventuelle merknadar/innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til Einar Ødegaard Skadberg i Time kommune, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne eller via e-post post@time.kommune.no innan 03.02.2025