Kulturprisar 2020

Klikk for stort bilete  Forslag- og søknadsfrist er 1. juni 2020.

Kvart år deler Time kommune ut fleire prisar og stipend innan kultur.

Prisane er: heiderspris, kulturprisen Timeglaset, byggeskikkpris, kulturstipend, idrettsstipend og innsatspokal. 

Det er Utval for levekår som avgjer kven som får tildelt pris etter forslag frå innbyggjarane. I år vert prisane delt ut under eit arrangement 1. nyttårsdag 2021.

Den årlege søknads- og forslagsfristen for desse prisane er 1. juni.

Her finn du statuttar og nomineringsskjema for dei ulike prisane