Informasjonsmøte om kommuneplan for Time kommune 2018-2030 - Arealdelen Fase 2: Område Kalberg - Frøyland – Kvernaland


Me inviterer til eit nytt informasjonsmøte om arbeidet med revisjon av kommuneplanen sin arealdel 2018-2030 når det gjeld området Kalberg/ Frøyland/Kvernaland:

Tysdag 10. mars 2020, kl. 19.00-21.00
Stad: Frøyland skule - Aula

 

Kommunen vil orientera om status, sentrale tema og medverkinga i planarbeidet. Eirik Gundegjerde (Lyse AS), Knut Molaug, (bl.a. Green Mountain), Marit Epletveit (leiar Rogaland Bondelag) og Aksel Kverneland (leiar Kvernaland Vel) vil  gje oss sine synspunkt. Norconsult vil orientera om kva tema som skal inngå i konsekvensutgreiinga.

 

Utsendt brev (PDF, 33 kB)