Høyring – utkast til revidert renovasjonsforskrift i Time kommune

Utval for lokal utvikling vedtok den 19.11.20 at utkast til revidert renovasjonsforskrift for handtering av hushaldsavfall i Time kommune vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.

Gjeldande renovasjonsforskrift i Time kommune vart vedtatt av kommunestyret den 06.05.2014. Forskrifta er til dels utdatert, då det dei siste åra har skjedd fleire renovasjonstekniske endringar.

Utkast til endra renovasjonsforskrift er utarbeidd gjennom eit prosjektsamarbeid mellom Time, Klepp, Hå, Gjesdal, Stavanger, Randaberg og Kvitsøy. Via IVAR renovasjon Ryfylke har også Hjelmeland, Strand og Suldal vore representert.

Høyringsfrist: 31.01.2021.

Les saksdokumenta

Gje uttale til revidert renovasjonsforskrift