Høyring: Plan 0547.00 - Detaljregulering for jordforbedring og massepåfylling, Trædet
Utval for lokal utvikling vedtok i møte den 02.02.2023 å leggja forslag til reguleringsplan ut til offentleg ettersyn og høyring:
Plan 0547.00 – Detaljregulering for jordforbedring og massepåfylling, Trædet
Føremålet med planen er å leggja til rette for påfylling av inntil 150 000 m3 med massar på landbrukseigedom gnr 5 bnr 2. Tiltaket er meint å heva terrenget, og auke produktiviteten på tomta.
Fullstendig omtale av planen, samt saksframstilling med vedlegg, finn de ved å følgje lenka merka "plandokumenter". For å gje uttale til planen ved hjelp av sikker digital innsending via Time kommunes nettside, trykk på lenka merka "Gje uttale".
Plandokumenter
Gje uttale
De kan og senda uttale til planen via brev til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne, eller via e-post til post@time.kommune.no.
Frist for å senda inn merknad til planen er 27.03.2023.
Sist endra 10.02.2023 07.52