Høyring: Plan 0545.00 - Detaljregulering for bustader i BK3, Kvernaland

Utval for lokal utvikling vedtok i møte den 02.02.2023 å leggja forslag til reguleringsplan ut til offentleg ettersyn og høyring:

Plan 0545.00 – Detaljregulering for bustader i BK3, Kvernaland

Føremålet med planen er å leggja til rette for inntil 48 bueiningar i form av rekkjehus og lågblokker. Det skal også regulerast fortau langs delar av Frøylandsvegen.

Fullstendig omtale av planen, samt saksframstilling med vedlegg, finn de ved å følgje lenka merka "plandokumenter". For å gje uttale til planen ved hjelp av sikker digital innsending via Time kommunes nettside, trykk på lenka merka "Gje uttale".

Plandokumenter

Gje uttale​​​​​​​

De kan og senda uttale til planen via brev til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne, eller via e-post til post@time.kommune.no.

Frist for å senda inn merknad til planen er 27.03.2023.