Høyring: Plan 0537.00 - Detaljregulering for bustader i Theodor Dahls veg 66 og 70, Kvernaland

Utval for lokal utvikling vedtok i møtet den 07.10.2021 å legga eit forslag til reguleringsplan ut til offentlig ettersyn og høyring:

Plan 0537.00 - Detaljregulering for bustader i Theodor Dahls veg 66 og 70, Kvernaland

Formålet med planen er å legga til rette for 16 bueiningar i form av 6 rekkehus med tre etasjar, og ein lavblokk i fire etasjar med til saman 10 leilegheiter.

Du kan lesa plandokumenta og gi uttale til planen via den digitale løysinga til kommunen.

Plandokument

Gi uttale

Frist for å gi merknader til planen er 06.12.2021.

Merknader kan òg sendast til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne,

eller på e-post til post@time.kommune.no. Merk med plannummer og -namn

Ønsker du å få dokumenta i papirformat kan du henvenda deg til innbyggarservice i  rådhuset.