Høyring: Plan 0536.00 - Detaljregulering for bustader i Bruavegen, Undheim

Utval for lokal utvikling vedtok i møtet den 02.09.2021 å legga eit forslag til reguleringsplan ut til offentlig ettersyn og høyring:

Plan 0536.00 - Detaljregulering for bustader i Bruavegen, Undheim

Formålet med planen er å legga til rette for fire einebustader i felt BKS2 og BKS3, og innanfor felt BKS1 blir det lagde til rette for ein fortetting med i alt tre bustader ved fremtidig utbygging av tomta.

Du kan lesa plandokumenta og gi uttale til planen via den digitale løysinga til kommunen.

Plandokument

Gi uttale

Frist for å gi merknader til planen er 25.10.2021.

Merknader kan òg sendast til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne,

eller på e-post til post@time.kommune.no. Merk med plannummer og -namn

Ønsker du å få dokumenta i papirformat kan du henvenda deg til innbyggarservice i  rådhuset.