Høyring: Plan 0535.00 - Detaljregulering for næringsområde NB4, Håland

Utval for lokal utvikling vedtok i møte den 10.03.2022 å legga eit forslag til reguleringsplan ut til offentleg ettersyn og høyring:

Plan 0535.00 - Detaljregulering for næringsområde NB4, Håland

Føremålet med planen er å leggje til rette for utviding av eksisterande næringsverksemd, samt eventuelle nyetableringar innafor område NB4 på Håland.

Du kan lese plandokumenta og gje uttale til planen via den digitale løysinga til kommunen:

Plandokumenta

Gje uttale

Frist for å gje uttale til planen er 08.05.2022.

Merknader til planen kan og sendast til Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne, eller på e-post til plan@time.kommune.no. Merk med plannummer og namn.

Du kan og få plandokumenta i papirformat ved å venda deg til innbyggarservice i Time rådhus.