Høyring - Plan 0528.00 Detaljregulering for kraftintensiv næring i Undheimsvegen

Utval for lokal utvikling vedtok i møte den 29.04.2021 å leggje forslag til følgande reguleringsplan ut til offentlig ettersyn og høyring:

Plan 0528.00 - Detaljregulering for kraftintensiv næring i Undheimsvegen

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for kraftintensiv næringsverksemd. Det er særskild fokus på aktøra innen datalagring/datasenter og batteriproduksjon. Det skal og vurderast næringsverksemd som kan nytta overskotvarmen frå kraftintensiv næring.

Planområdet er ca 139 daa, og omfatter deler av eigedomane (gnr/bnr) 46/18, 46/47 og 46/216.

 

Du kan lesa plandokumenta og gi uttale til planen via den digitale løysinga til kommunen.

Plandokument

Gi uttale

Alle høyringsdokumenta kan og sjåast  nederst i denne artikkelen. 

Konsekvensutgreiing (KU)

Planarbeidet utløyse krav om KU og blir omfatta av forskriftens § 6 b) vedlegg I punkt 24 og § 8. Konsekvensutgreiinga er også på høyring og du kan gi uttale til denne. Fastsatt planprgram og saksprotokoll kan sjåast neders i denne artikkelen.

Frist for å gi merknader til planen er 20.06.2021.

Merknader kan òg sendast til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne,

eller på e-post til post@time.kommune.no. Merk med plannummer og -namn

Ønsker du å få dokumenta i papirformat kan du henvenda deg til innbyggarservice i rådhuset.

Vidare handsaming etter offentlig ettersyn vil skje i utval for lokal utvikling (ULK) og Kommunestyret. Dersom planen blir godkjend er det mogleg å klage. Informasjon om klage og klagefrist kjem på eit seinare tidpunkt.

 

Vedlegg:

Konsekvensutgreiing

01 Saksprotokoll - planprogram (PDF, 165 kB)

02 Fastsett planprogram (PDF, 11 MB)

03 Planskildring med konsekvensutgreiing (PDF, 3 MB)

Plan

01 Saksprotokoll  (PDF, 736 kB)

02 Plankart (PDF, 954 kB)

03 Føresegner (PDF, 87 kB)

04 Planskildring med konsekvensutgreiing (PDF, 3 MB)

05 Temakart bestemmelsesområde 1 masseuttak (PDF, 295 kB) 

06 VA rammeplan (PDF, 5 MB)

07 Illustrasjonsplan (PDF, 4 MB)

08 Snitt (PDF, 531 kB)

09 Massedisponeringsplan (PDF, 6 MB)

10 Mobilitetsplan (PDF, 4 MB)

11 Skildring løysing for landbruk (PDF, 772 kB)

12 Merknader - oppsummert og kommentert (PDF, 62 kB)

13 Merknader (PDF, 7 MB)