Høyring: Plan 0525.00 - Detaljregulering for bustader ved Tinghaugvegen, Bryne
Utval for lokal utvikling vedtok i møte den 07.04.2022 å legga eit forslag til reguleringsplan ut til offentleg ettersyn og høyring:
Plan 0525.00 - Detaljregulering for bustader ved Tinghaugvegen, Bryne
Føremålet med planen er å legga til rette for bustader i form av blokkleilegheiter, rekkjehus, og einebustader i rekkje.
Du kan lesa plandokumenta og gje uttale til planen via den digitale løysinga til kommunen:
Plandokumenta
Gje uttale
Frist for å gje uttale er 05.06.2022.
Merknader til planen kan og sendast til Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne, eller på e-post til plan@time.kommune.no . Merk med plannummer og namn.
Du kan og få plandokumenta i papirformat ved å venda deg til innbyggarservice i Time rådhus.
Sist endra24.05.2022 10.13