Høyring: Plan 0518.00 - Detaljregulering for Kong Haakons veg, Bryne

Utval for lokal utvikling har i møte den 10.12.2020, vedtatt å leggje denne reguleringsplanen ut på høyring og til offentleg ettersyn.

Formålet med reguleringsarbeidet er å betra overvasshandteringa i området, sikra mot flaumskadar og å oppdarbeide flaumvegar mot Frøylandsvatnet. I tillegg betre trafikktryggleiken for mjuke trafikantar og køyrande i tilknyting til Kong Haakons veg.

Du kan lesa plandokumenta og gi uttale til planen via den digitale løysinga til kommunen.

Plandokument

Gi uttale

Frist for å gi merknader til planen er 15.02.2021.

Merknader kan òg sendast til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne,

eller på e-post til post@time.kommune.no. Merk med plannummer og -namn

Ønsker du å få dokumenta i papirformat kan du henvenda deg til innbyggarservice i rådhuset.