Høyring: Plan 0513.00 - Detaljregulering for bustader og næring i Hetlandsgata 16 og 18, Bryne

Utval for lokal utvikling har i møte, den 04.06.2020, vedtatt å leggje denne reguleringsplanen ut på høyring og offentlieg ettersyn.

Planen skal legga til rette for inntil 16 nye leiligheiter, næring i krysset Hetlandsgata/Rektor Sælands veg og parkering i underetasje/kjellar. Leiligheitene skal vere i 1.-4. etasje og næringa skal vere i 1.etasje. Innkøyring vert frå Hetlandsgata.

Du kan lesa plandokumenta og gi uttale til planen via den digitale løysinga til kommunen:

Plandokument
Høyringsuttale

Merknader kan òg sendast til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne,

eller på e-post til post@time.kommune.no. Merk med plannummer og -namn

Ønsker du å få dokumenta i papirformat kan du henvenda deg til servicetorget i rådhuset.

 

Frist for å gi merknader til planen er 17.08.2020.