Høyring - plan 0504.00 Detaljregulering for hovudvassleidning vest frå Langavatnet til Tjensvoll

Planen legg til rette for ny vassleidning som skal gå gjennom Time kommune. Leidninga kryssar kommunen frå Fjermestadvatnet, går vidare nord for Frøylandsvegen til leidninga kryssar Frøylandsvegen og går sør for bustadområda på Kvernaland. Leidninga går over Kvernelandsvegen og vidare til Frøylandsvatnet nord for Njåskog.

Planen utløyser krav om konsekvensutgreiing. Konsekvensutreiinga er på høyring saman med planforslaget.

Gi uttale til planen

Les plandokumenta

Dokumenta kan ein òg få ved å vende seg til Servicetorget på rådhuset. Merknader kan også sendast pr. post til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne.

 

Frist for å kome med merknader til planen er 23.08.2019.