Høyring og offentlig ettersyn: Plan 0554.00 - Detaljregulering for bustader i Skjærpevegen, Undheim

Utvalg for lokal utvikling vedtok i møte den 22.06.2023 å legga eit forslag til reguleringsplan ut til offentleg ettersyn og høyring:

Plan 0554.00 Detaljregulering for bustader i Skjærpevegen, Undheim

Planforslaget legger til rette for totalt åtte bueiningar, seks bueiningar i konsentrert småhusblokk og to frittliggande småhus. Det skal i tillegg leggast til rette for tilhøyrande hageareal, parkeringsplassar og ådkomstvegar, samt nærleikeplass.

Fullstendig omtale av planen, samt saksframstilling med vedlegg, finn de ved å følgje lenka merka "Plandokument". For å gje uttale til planen ved hjelp av sikker digital innsending via Time kommunes nettside, trykk på lenka merka "Gje uttale".

Frist for å gje merknader til planen er 04.09.2023.

Plandokument

Gje uttale