Høyring og offentleg ettersyn av planene 0529.00 - 0530.00 - 0531.00

Rogaland fylkeskommune har utarbeida detaljregulering for følgjande kryss i Time kommune:

  • Plan 0529.00 - Detaljregulering for krysset fv 505 Garborgvegen x fv 506 Kvernelandsvegen
  • Plan 0530.00 - Detaljregulering for krysset fv 506 Kvernelandsvegen x fv 506 Ålgårdsvegen
  • Plan 0531.00 - Detaljregulering for krysset fv 506 Ålgårdsvegen x fv 4436 Lyevegen

Hensikta med arbeidet er å legge planar for å auke trafikksikkerheita i kryssa. Kryssa har hatt fleire ulukker med personskade. Ved å omregulere og bygge rundkøyring i to av kryssa og venstresvingefelt i eitt kryss, blir dei enklare å lese og tryggare å passere for trafikantar. Ombyggingen av kryssa er eit samla prosjekt for å gjere det meir trafikksikkert i området.

Rogaland fylkeskommune sender planen direkte på høyring og offentleg ettersyn etter avtale med Time kommune og i samsvar med plan- og bygningslova § 3-7.

Dokument i saka samt informasjon om korleis du kan kome med innspel, finn du på nettsidene til Rogaland fylkeskommune:

https://www.rogfk.no/vare-tjenester/samferdsel/fylkesvei/horinger/utbetring-tre-kryss-bryne-aust-time-kommune.106325.aspx