Høyring - nytt vegnamn på Bryne

Det skal fastsettast namn på ny adresseparsell i nytt bustadfelt på Bryne, jf. Reguleringsplan 0482.00 Detaljregulering for bustadfortetting Reemarka, Bryne.

Kommunedirektøren legg med dette følgande forslag ut på høyring:

Parsell 1: Bekkemyrvegen

Namn på nye adresseparsellar kan ta utgangspunkt i lokale stadnamn, personnamn eller veljast med utgangspunkt i eit emne, f.eks. blomar, treslag, fuglar osb. 

Det er Utval for lokal utvikling i Time kommune som vedtar namna etter føregåande høyring.

Du kan senda inn merknader til forslaget via knappen nedanfor eller per post til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. 

Frist for å gje merknader er 31.12.2021.

Les reguleringsplan 0482.00

Gje merknad til forslaget