Høyring - namn på ny idrettshall 

Det skal fastsettast namn på ny idrettshall i Trallfavegen på Bryne. 

Kommunedirektøren legg med dette følgande forslag ut på høyring:

Rossalandshallen

Namn på kommunale bygge- og anleggsprosjekt i Time skal ta utgangspunkt i lokale stadnamn. Bygg og anlegg skal som hovudregel ikkje kallast opp etter personar.

Det er Utval for lokal utvikling i Time kommune som vedtar namn etter føregåande høyring.

Du kan senda inn merknader til forslaget via knappen nedanfor eller sendast pr. post til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. 

Frist for å gje merknader er 31.12.2021.

Gje merknad til forslaget