Høyring - MUTE - kunst på Høg-Jæren

Utval for levekår og Utval for lokal utvikling i Time kommune behandla 27.01. og 28.01.2021 sak om MUTE – kunst på Høg-Jæren. Saka vert lagt ut på høyring med høyringsfrist 10.03.2021:

Kommunen ønskjer primært å høyra forslaga til lokaliseringsalternativ, men tar også imot andre merknader, synspunkt og innspel til kunst- og kulturstiprosjektet.

Les saksdokumenta 

Gje uttale til prosjektet