I samband med sluttbehandling for Plan 0507.00 (KS-051/24) vedtok Kommunestyret følgjande tilleggspunkt:
Administrasjonen bes gjøre en endring av planen slik at det tillates en økning på 40 cm til inntil kotehøyde +41,4 for delfelt BKB4 og en reduksjon på 60 cm til inntil kotehøyde +41,4 for delfelt BKB3. Dersom det ikke kommer vesentlige merknader, kan endringen behandles administrativt.
Basert på uttale frå Sjo Fasting Arkitekter gjer vedteken plan mellom anna tekniske og kostnadsmessige utfordringar ved bygging av BKB3 og BKB4 då delfelta har ulike regulerte byggehøgder og det i løpet av prosessen blei planlagt å bygge desse som eit samla bygg.
Formålet med endringa er å imøtekome dette. Endringa vil gje nokre verknader for solforhald og estetiske forhald. Nye sol-/skuggestudiar kan sjåast i vedlegg 6 til høyringsbrevet.
Fullstendig omtale av planen, samt saksframstilling med vedlegg, finn de ved å følgje lenka merka "plandokumenter".
Plandokumenter
Du kan senda uttale til planen via brev til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne, eller via e-post til post@time.kommune.no.
Frist for å senda inn merknad til planen er 3. januar 2025.