Høyring av ​​felles næringsstrategi for Hå, Klepp og Time

Formannskapa i Time, Klepp og Hå har vedtatt å legga forslag til felles næringsstrategi for Jæren ut på høyring.  

Jæren er det leiande landbruksområde i Norge. Me har eitt av dei sterkaste industri- og teknologimiljøa og er ein del av den leiande energiregionen i Europa. Samtidig møter næringslivet i dei tre jærkommunane dei same utfordringane. At me erkjenner dette gjev grunnlaget for ein felles næringsstrategi.

I arbeidet med dette høyringsutkastet har lokalt næringsliv, forsking og aktørar i regionen elles, peika på dei styrkane og konkurransefortrinna me har på Jæren. Dei same aktørane har fortalt om utfordringar dei står overfor og kome med innspel til kva dei ønsker at kommunane rettar ressursane sine mot. Me har også sett til næringsstrategiar i kommunane rundt oss, og Rogaland fylkeskommune sin strategi. Dette sikrar ein felles regional overbygning.  

Næringsstrategien legg grunnlaget for korleis kommunane skal støtta opp under vidareutviklinga for næringslivet på Jæren. Strategien skal ikkje seia kva næringslivet skal gjera, men gje ei retning til kommunane sitt bidrag til utviklinga av næringslivet.  

Les utkast til felles næringstrategi

Gje innspel 

Frist for å senda inn merknad til strategien er 16. april 2024.