Høring Planprogram - Kommuneplan Time kommune 2018-2030 - Arealdelen Fase 2: Områda Kalberg/Frøyland/Kvernaland, samt justering/innskrenking av langsiktig grense landbruk

Oppstart av planarbeid, samt høyring og offentleg ettersyn av planprogram for kommuneplan Time kommune 2018-2030 – Arealdelen Fase 2: Områda  Kalberg/Frøyland/Kvernaland, samt justering/innskrenking av langsiktig grense landbruk.

Etter plan- og bygningslova §11-12 gir Time kommune med dette melding om at arbeidet med revisjon av kommuneplanen sin arealdel Fase 2: Områda Kalberg/Frøyland/Kvernaland, inkludert fastsetting av langsiktig grense landbruk er sett i gang. Justering/innskrenking av langsiktig grense landbruk vil óg verta vurdert i område nordaust på Bryne og ved Lyefjell.

I medhald av plan- og bygningslova §11-13 har formannskapet i møte den 31.03.2020 vedtatt å legge forslag til planprogram ut på offentleg ettersyn. 

Du kan lese plandokumentene og gi uttale til planen via kommunens digitale løsning:

Les plandokumenta

Gi høyringsuttale

Høyringsuttale kan sendast via  www.time.kommune.no/kunngeringar/  eller per post til  Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne.  Uttalefrist er 20.06.2020.

Ønsker du å få dokumentene i papirformat kan du henvende deg til servicetorget i rådhuset.

Alle innspel som tidlegare i planprosessen har vorte sendt inn og som gjeld dette planarbeidet som nemnt over, vil verta tatt inn og vurdert i det vidare planarbeidet. Det er ikkje naudsynt å sende inn innspelet på nytt.