Godkjent plan - plan 0482.00 Detaljregulering for bustadfortetting Remarka, Bryne

Kommunestyret har i møte den 12.11.2019 gjort vedtak om å godkjenne følgjande reguleringsplan.

Plan 0482.00: Detaljregulering for bustadfortetting Remarka, Bryne

Planen legg til rette for nytt bustadområde med 55 – 61 bueiningar. Det nye bustadområdet ligg mellom fv 44 og eksisterande bustadfelt på Re, og skal ha innkøyring frå Litle – Åvegen.

Fullstendig omtale av planen, samt saksframstilling med vedlegg finn i vedlegga lenge nede. Dokumenta kan du få ved å venda deg til innbyggarservice i Time rådhus.

Informasjon om klage

Vedtaket kan påklagast til fylkesmannen, jamfør §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova. Eventuell klage skal sendast til fylkesmannen via Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. Det er og mogleg å senda eventuell klage via kommunen si nettside. Gå under menyval Skjema og vel Klage på vedtak - skjema.

Klaga må vera sendt seinast 13.12.2019.

Klaga vert kommentert av administrasjonen og lagt fram utval for lokal utvikling. Dersom utval for lokal utvikling tek klagen til følgje, vert planen endra i tråd med klagen. Dersom utval for lokal utvikling ikkje tek klaga til følgje vert saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjer.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vera lagt fram seinast 3 år frå motteke brev, jamfør §§15 - 2 og 15 - 3 i plan- og bygningslova.

Vedlegg:

1.Saksframstilling (PDF, 611 kB)

2.Godkjend plankart (PDF, 882 kB)

3.Godkjende planføresegn (PDF, 534 kB)

4.Planomtale (PDF, 4 MB)

5.Situasjonsplan (PDF, 2 MB)

6.ROS- analyse (PDF, 2 MB)

7.Støyvurdering (PDF, 3 MB)

8.3D- studie (PDF, 3 MB)

9.Solstudie  (PDF, 5 MB)

10.Flaumrapportar og VA-notat (PDF, 7 MB)

11.Grunnundersøking (PDF, 4 MB)

12.Renovasjonsteknisk plan (PDF, 5 MB)

13.Sporingskurver (PDF, 5 MB)

14.Plan- og profilteikningar (PDF, 6 MB)

15.Snitt (PDF, 2 MB)

16.Motsegn (PDF, 2 MB)

17.LOK sak 003/18 (PDF, 917 kB)

18.Merknadoversikt (PDF, 526 kB)

19.Uttalar og merknadar (PDF, 2 MB)

20.Endringar i planen etter høyring (PDF, 189 kB)