I samband med sluttbehandling for Plan 0507.00 (KS-051/24) vedtok Kommunestyret at administrasjonen skal endre planen for å endra regulerte kotehøgder for delfelta BKB3 og BKB4 frå høvevis kote +42 og 41 til kote+ 41,4 for begge delfelta. Det er og gjort mindre plantekniske justeringar i føresegna.
Endringa påverker mellom anna solforhald og estetiske omsyn, men ikkje i vesentleg grad.
Fullstendig omtale av planen, samt saksframstilling med vedlegg, finn du nedanfor:
Plan 0507.00 - Områdeplan for S12 og S15, Bryne sentrum
Klagerett
Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Rogaland, jf. pbl. §§ 1-9 og 12-12.
Eventuell klage skal sendes til Statsforvaltaren i Rogaland via Time kommune, postboks38, 4349 Bryne. Det er og mogleg å sende klage via kommunens nettside. Gå til menyvalg Skjema og velg Klage på vedtak – skjema.
Klage må være sendt innen 21.02.2025. Dei som mottek brevet har eigen klagefrist.
Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må være lagt fram seinast 3 år frå i dag, jf. pbl. §§ 15-2 og 15-3.