Forslag til endring av plan Detaljplan for bustadfortetting Remarka Felt BK2, Bryne er utarbeidd av Botakst på vegne av Ree Utbyggingsselskap AS.
Endringa inneber endring av bustadtype i felt BK2 frå 10 bueiningar i blokk i 3 etasjer til 8 bueiningar i fleirmannsbustadar i 2 etasjer, og parkeringskravet bler endra frå eit minimumskrav til eit maks krav for heile planområdet.
Endringane skjer i både kart og bestemmelsar.
Fullstendig omtale av planen, samt saksframstilling med vedlegg, finn du nedanfor:
Vedtak om endring av Plan 0482.00 Detaljregulering for bustadfortetting Remarka, Bryne
Klagerett
Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Rogaland, jf. pbl. §§ 1-9 og 12-12.
Eventuell klage skal sendes til Statsforvaltaren i Rogaland via Time kommune, postboks
38, 4349 Bryne. Det er også mogleg å sende klage via kommunens nettside. Gå til menyvalg Skjema og velg Klage på vedtak – skjema.
Klage må være sendt innen 10.02.2025. Dei som mottek brevet har eigen klagefrist.
Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må være lagt fram seinast 3 år frå i dag, jf. pbl. §§ 15-2 og 15-3.