Godkjend planendring: Plan 0232.05 - Detaljregulering for Håland Aust

Utval for lokal utvikling vedtok i møte den 17.11.2022 følgande reguleringsendring:

Plan 0232.05 - Detaljregulering for Håland Aust

Føremålet med endringa er å fortette næringstomt med gards- og bruksnummer 4/85 med eit nytt lagerbygg.

Informasjon om klage
Vedtaket kan påklagast til Statsforvalteren i Rogaland, jamfør §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova.

Eventuell klage skal sendast Statsforvalteren i Rogaland via Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. Det er også mulig å senda eventuell klage via kommunen si nettside. Gå til menyvalg Skjema og vel Klage på vedtak - skjema.

Klage må vera sendt seinast 13.12.2022.

Naboar, grunneigarar, eller andre som blir påverka av planen vil få informasjon per brev.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vera sett fram seinast 3 år frå i dag, jf.§§ 15-2 og 15-3 i plan– og bygningslova.

Du kan lesa vedtak og plandokumenter ved å følgje denne lenka.