Godkjend plan: Plan 0524.00 - Detaljregulering for bustader i Gamle Hognestads veg og Jacob Bakars veg, Bryne

Time kommunestyre vedtok i møte den 21.02.2023 følgande reguleringsplan:

Plan 0524.00: Detaljregulering for bustader i Gamle Hognestads veg og Jacob Bakars veg, Bryne

Føremålet med reguleringsarbeidet er å leggja til rette for 26-27 bueiningar i form av lågblokker og kjeda hus, på eigedomane gårdsnummer 1, bruksnummer 322, 584, 490 og 452.

Informasjon om klage

Vedtaket kan påklagast til Statsforvalteren i Rogaland, jamfør §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova.

Eventuell klage skal sendast Statsforvalteren i Rogaland via Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. Det er også mulig å senda eventuell klage via kommunen si nettside. Gå til menyvalg Skjema og vel Klage på vedtak - skjema.

Klage må vera sendt seinast tre veker etter kunngjering av vedtaket.

Naboar, grunneigarar, eller andre som blir påverka av planen vil få informasjon per brev.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vera sett fram seinast 3 år frå i dag, jf.§§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova.

Plandokument:

Plankart 15.12.2022 (PDF, 327 kB)

Bestemmelser 15.12.2022 (PDF, 176 kB)

Planomtale 15.12.2022 (PDF, 19 MB)

Dei øvrige plandokumenta kan du finne ved å følgje denne lenka.