Godkjend plan - plan 0507.00 Områdeplan for S12 og S15, Bryne sentrum

Time kommunestyre vedtok i møte den 18.06.2024 følgande reguleringsplan:

Plan 0507.00 Områdeplan for S12 og S15, Bryne sentrum

Føremålet med reguleringsarbeidet er å legga til rette for ein heilhetleg utvikling av kvartalene S12 og S15 i Bryne sentrum, som angitt i kommunedelplan for Bryne sentrum 2015-2026. Planen har som føremål å legga til rette for bymessig bureisning med publikumsretta funksjoner med aktive fasadar i fyrste etasje. Planen skal vidare sikre bustader med god bukvalitet. Det har også vært eit mål at dei indre delane av kvartalet skal opparbeidast som eit fellesområde med gode gåforbindelsar. 

Vedtekne plandokument ligger som veldlegg til denne kunngjøringen.  Vedtekne plandokument i papirformat kan du få ved å venda deg til innbyggarservice i Time rådhus.

Informasjon om klage

Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Rogaland, jamfør §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova.

Eventuell klage skal sendast Statsforvaltaren i Rogaland via Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. Det er også mulig å senda eventuell klage via kommunen si nettside. Gå til menyvalg Skjema og vel Klage på vedtak - skjema.

Klage må vera sendt seinast tre veker etter kunngjering av vedtaket.

Naboar, grunneigarar, eller andre som blir direkte påverka av planen vil få informasjon per brev.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vera sett fram seinast 3 år frå i dag, jf.§§ 15-2 og 15-3 i plan– og bygningslova.

Orientering om punkt 2 i kommunestyrets vedtak

“2. Administrasjonen bes gjøre en endring av planen slik at det tillates en økning på 40 cm til inntil kotehøyde +41,4 for delfelt BKB4 og en reduksjon på 60 cm til inntil kotehøyde +41,4 for delfelt BKB3. Dersom det ikke kommer vesentlige merknader, kan endringen behandles administrativt.”

Vedlegg:

01 Saksprotokoll (PDF, 680 kB)

02 Godkjend plankart (PDF, 906 kB)

03 Godkjende føresegner (PDF, 281 kB)

04 Skildring av planen (PDF, 7 MB)

05 ROS analyse (PDF, 865 kB)

06 Renovasjonsteknisk plan (PDF, 321 kB)

07 Kvalitetssikring byggehøyder (PDF, 546 kB)

08 Oppsummering og vurdering av merknader (PDF, 437 kB)

09 Uttalelser og merknader (PDF, 4 MB)

10 Oversikt over politiske behandlinger (PDF, 16 kB)

11 Snitt (PDF, 2 MB)