Godkjend plan: 0529.00 - Detaljregulering for krysset fv 505 Garborgvegen x fv 506 Kvernelandsvegen

Time kommunestyre vedtok i møte den 15.06.2021  følgande reguleringsplan:

Plan 0529.00 - Detaljregulering for krysset fv 505 Garborgvegen x fv 506 Kvernelandsvegen

Planen legg til rette for at det kan byggjast rundkøyring i krysset.

Alle plandokumenta kan sjåast på slutten av denne artikkelen. Dokumenta kan du og få ved å vende deg til innbyggarservice i Time rådhus.

Informasjon om klage

Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren jamfør §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova.

Eventuell klage skal sendast til Statsforvaltaren via Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. Det er også mulig å sende eventuell klage via kommunens nettside. Gå til menyvalg Skjema og vel Klage på vedtak - skjema.

Klage må vera sendt seinast  01.08.2022. Dei som er direkte berørt får eige brev.

Klaga vert kommentert av administrasjonen og lagt fram for utval for lokal utvikling. Dersom utval for lokal utvikling tek klagen til følgje, vert planen endra i tråd med klagen. Dersom utval for lokal utvikling ikkje tek klaga til følgje vert saka sendt tilStatsforvaltaren for endeleg avgjer. 

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere sett fram seinast 3 år frå i dag, jf.§§ 15-2 og 15-3 i plan – og bygningslova.

Vedlegg:

01 Planskildring (PDF, 2 MB)

02 Godkjend plankart (PDF, 259 kB)

03 Godkjende føresegner (PDF, 104 kB)

04 Saksprotokoll (PDF, 3 MB)

05 ROS-analyse (PDF, 2 MB)

06 Tegningshefte (PDF, 5 MB)

07 VA-rammeplan (PDF, 2 MB)

08 Geotekniske rapport (PDF, 2 MB)

09 Merknadshandsaming (PDF, 164 kB)