Godkjend plan - 0516.00 Detaljregulering for bustader og næring i Trallfavegen 7, Bryne

Time kommunestyre vedtok i møte den 16.06.2020  følgjande reguleringsplan: 

Plan 0516.00 - Detaljregulering for bustader og næring i Trallfavegen 7, Bryne

Nybygg med næring i 1. etasje (mot Trallfavegen), samt leilegheiter i 2.- 7. etasje. Parkering vil vera i 1. etasje, mens det vil vera uteopphaldsareal på tak over 1. etasje.

Alle plandokumenta kan sjåast på slutten av denne artikkelen. Dokumenta kan du og få ved å vende deg til Servicetorget i Time rådhus.

Informasjon om klage

Vedtaket kan påklagast til fylkesmannen, jamfør §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova.

Eventuell klage skal sendast til fylkesmannen via Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. Det er også mulig å sende eventuell klage via kommunens nettside. Gå til menyvalg Skjema og vel Klage på vedtak - skjema.

Klage må vera sendt seinast 13.07.2020.

Klaga vert kommentert av administrasjonen og lagt fram for utval for lokal utvikling. Dersom utval for lokal utvikling tek klagen til følgje, vert planen endra i tråd med klagen. Dersom utval for lokal utvikling ikkje tek klaga til følgje vert saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjer. 

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere sett fram seinast 3 år frå i dag, jf.§§ 15-2 og 15-3 i plan – og bygningslova.

 

Vedlegg:

0516.00 Saksframstilling (PDF, 591 kB)

0516.00 Planbeskrivelse (PDF, 11 MB)

0516.00 Plankart_over bakken (PDF, 243 kB)

0516.00 Plankart_under bakken (PDF, 207 kB)

0516.00 Bestemmelser (PDF, 431 kB)

0516.00 ROS-analyse (PDF, 382 kB)

0516.00 Illustrasjoner og sol-skyggediagram (PDF, 9 MB)

0516.00 Mobilitetsplan (PDF, 531 kB)

0516.00 Støyrapport (PDF, 820 kB)

0516.00 Vindrapport (PDF, 8 MB)

0516.00 VA-rammeplan & Blå-grønn faktor (PDF, 2 MB)

0516.00 Kommentarer til merknader (PDF, 152 kB)