Godkjend plan 0511.00 - Detaljregulering for Tjødnavegen, Bryne.

Time kommunestyre vedtok i møte den 13.12.2018 følgjande reguleringsplan:

Plan 0511.00 - Detaljregulering for Tjødnavegen, Bryne.

Reguleringsplanen for Tjødnavegen medfører endring av vegprofil, og dessutan flytting av fortauet og etablering av flomveg og førdrøyningsgrøft.


Vedtatt plandokument i papirformat kan ein få på Servicetorget.

Vedtaket kan påklagast til fylkesmannen, jf. §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova.

Eventuell klage skal sendast til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne, eller elektronisk via Skjema (under: Klage på vedtak-skjema).

Klage må vera sendt seinast 3 veker frå i 21.12.2018.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere sett fram seinast 3 år frå i dag, jf. §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova.

 

Vedlegg: