Godkjend plan: 0486.00 Områdeplan for Brynehaugen øst, Bryne

Time kommunestyre vedtok i møte den 27.10.2020  følgande reguleringsplan:

Plan 0486.00 -  Områdeplan for Brynehaugen øst, Bryne

Det er gjort mindre justeringar i eksisterande plan.

Alle plandokumenta kan sjåast på slutten av denne artikkelen. Dokumenta kan du og få ved å vende deg til innbyggarservice i Time rådhus.

Informasjon om klage

Vedtaket kan påklagast til fylkesmannen, jamfør §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova.

Eventuell klage skal sendast til fylkesmannen via Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. Det er også mulig å sende eventuell klage via kommunens nettside. Gå til menyvalg Skjema og vel Klage på vedtak - skjema.

Klage må vera sendt seinast 01.12.2020.

Klaga vert kommentert av administrasjonen og lagt fram for utval for lokal utvikling. Dersom utval for lokal utvikling tek klagen til følgje, vert planen endra i tråd med klagen. Dersom utval for lokal utvikling ikkje tek klaga til følgje vert saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjer. 

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere sett fram seinast 3 år frå i dag, jf.§§ 15-2 og 15-3 i plan – og bygningslova.

 

Vedlegg:

0486.00 Saksframlegg (PDF, 413 kB)

0486.00 Plankart (PDF, 2 MB)

0486.00 Bestemmelser (PDF, 100 kB)

0486.00 Planbeskrivelse (PDF, 18 MB)

0486.00 ROS-analyse (PDF, 811 kB)

0486.00 Merknader (PDF, 3 MB)