Godkjend plan - 0464.00 Detaljregulering for bustader ved krysset Jernbanegata og Hognestadvegen, Bryne

Time kommunestyre vedtok i møte den 16.06.2020  følgjande reguleringsplan:

Plan 0464.00 - Detaljregulering for bustader ved krysset Jernbanegata og Hognestadvegen, Bryne.

Planen leggje til rette for opptil 24 leiligheiter. Bygningsvoluma består av 2 nye leiligheitsbygg med tilhøyrande nedgravd parkeringsanlegg på gnr.3 og bnr. 66.

Alle plandokumenta kan sjåast på slutten av denne artikkelen. Dokumenta kan du og få ved å vende deg til Servicetorget i Time rådhus.

Informasjon om klage

Vedtaket kan påklagast til fylkesmannen, jamfør §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova.

Eventuell klage skal sendast til fylkesmannen via Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. Det er også mulig å sende eventuell klage via kommunens nettside. Gå til menyvalg Skjema og vel Klage på vedtak - skjema.

Klage må vera sendt seinast 13.07.2020.

Klaga vert kommentert av administrasjonen og lagt fram for utval for lokal utvikling. Dersom utval for lokal utvikling tek klagen til følgje, vert planen endra i tråd med klagen. Dersom utval for lokal utvikling ikkje tek klaga til følgje vert saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjer. 

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere sett fram seinast 3 år frå i dag, jf.§§ 15-2 og 15-3 i plan – og bygningslova.

 

 

Vedlegg:

0464.00 Saksframstilling (PDF, 619 kB)

0464.00 Planbeskrivelse (PDF, 4 MB)

0464.00 Plankart  (PDF, 12 MB)

0464.00 Bestemmelser (PDF, 93 kB)

0464.00 Illustrasjonshefte (PDF, 18 MB)

0464.00 Snitt nedkjøringsrampe (PDF, 90 kB)

0464.00 ROS-analyse (PDF, 821 kB)

0464.00 Blågrønn faktor (PDF, 741 kB)

0464.00 Renovasjonsteknisk plan (PDF, 248 kB)

0464.00 Sporing for brannbil (PDF, 470 kB)

0464.00 Støyvurdering (PDF, 2 MB)

0464.00 VA-rammeplan (PDF, 2 MB)

0464.00 Oppsummering av merknader (PDF, 116 kB)

0464.00 Merknader (PDF, 2 MB)