Godkjend plan 0404.00 - Reguleringsendring - Områderegulering for bustad, næring og friområde på Re og Svertingstad

Kommunalsjef samfunn gjorde den 17.01.2019 vedtak etter delegert fullmakt å godkjenna forslag til reguleringsendring i følgjande reguleringsplan:

0404.00 - Reguleringsendring - Områderegulering for bustad, næring og friområde på Re og Svertingstad. Reguleringsplanen inneber ein omdisponering av areal frå friområde til bustadsføremål.

Vedtatt plandokument i papirformat kan ein få på Servicetorget.

Vedtaket kan påklagast til fylkesmannen, jf. §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova.

Eventuell klage skal sendast til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne, eller elektronisk via Skjema (under: Klage på vedtak-skjema).

Klage må vera sendt seinast 3 veker frå  26.02.2019.

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere sett fram seinast 3 år frå i dag, jf. §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova.

 

Vedlegg:

0404.00 Saksprotokoll (PDF, 23 kB)

0404.00 Plankart (PDF, 3 MB)

0404.00 Forslag til reguleringsendring (PDF, 3 MB)

0404.00 Merknad fra Rogaland Biovarme 23.08.2018 (PDF, 294 kB)