Godkjend plan - 0092.01 Endring av plan 0092.00 regulering for Lyefjell felt 3BII, nordre del

Ved Ragnastølberget 7 er deler av friområde omregulert til bustad.

Alle plandokumenta kan sjåast på slutten av denne artikkelen. Dokumenta kan du og få ved å vende deg til innbyggarservice i Time rådhus.

Informasjon om klage

Vedtaket kan påklagast til fylkesmannen, jamfør §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova.

Eventuell klage skal sendast til statsforvaltaren, enten via Time kommune si nettside, gå til menyval Skjema og vel Klage på vedtak - skjema eller per post til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne. 

Klage må vera sendt seinast  29.04.2021. Dei som mottar brev har eigen klagefrist.

Klaga vert kommentert av administrasjonen og lagt fram for utval for lokal utvikling. Dersom utval for lokal utvikling tek klagen til følgje, vert planen endra i tråd med klagen. Dersom utval for lokal utvikling ikkje tek klaga til følgje vert saka sendt til fylkesmannen for endeleg avgjer. 

Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må vere sett fram seinast 3 år frå i dag, jf.§§ 15-2 og 15-3 i plan – og bygningslova.

 

Vedlegg:

1. Godkjend plankart (PDF, 2 MB)

2. Skildring av endring (PDF, 2 MB)

3. Saksframlegg (PDF, 119 kB)

4. Uttale frå Rogaland Fylkeskommune (PDF, 149 kB)

5. Uttale frå Statsforvalteren (PDF, 83 kB)