Eigedomsskatteliste for 2022 - offentleg ettersyn

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 3 c (Kraftanlegg, vindkraftverk, kraftnett) for 2022 på 2 promille, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, er eigedomsskattelista lagt ut til offentleg ettersyn fram til 30. april 2022.

Eigedomsskatteliste (PDF, 407 kB)

Betaling
Skatten forfell i 2 terminar.

Informasjon om klagerett
Taksten og vedtak om utskriving av eigedomsskatt kan klagast på. Klaga må gjevast skriftleg til Time kommune v/eigedomsskattekontoret innan 30. april 2022. Eigedomsskattekontoret vil sende klaga til sakkunnig nemnd, som kan oppheve eller endre vedtaket dersom den finn at det er grunnlag for det. Dersom sakkunnig nemnd ikkje gjev klagar medhald, skal saka sendas til klagenemnda for behandling. Det er ikkje mogleg å reisa sak for domstolane om taksten og vedtak om utskriving før du har nytta klageretten, jf. forvaltningslova § 27 b.

Eventuell klage skal sendast innan 30. april 2022 til:

Time kommune
Eigedomsskattekontoret
Postboks 38
4349 Bryne

eller via sikker digital innsending til kommunen.

Har du spørsmål?
Spørsmål rettast til Time kommune, v/eigedomsskattekontoret, 51 77 61 04