Eigedomsskatteliste for 2021 - offentleg ettersyn

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 3 c (Kraftanlegg, vindkraftverk, kraftnett) for 2021 på 1 promille, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, er eigedomsskattelista lagt ut til offentleg ettersyn fram til 1. september 2021.

Eigedomsskatteliste (XLSX, 11 kB)

Betaling
Skatten forfell i 2 terminar.

Informasjon om klagerett
Taksten og vedtak om utskriving av eigedomsskatt kan påklagast. Klaga må gjevast skriftleg til Time kommune v/eigedomsskattekontoret innan 1. september 2021. Eigedomsskattekontoret vil sende klaga til sakkunnig nemnd, som kan oppheve eller endre vedtaket dersom den finn at det er grunnlag for det. Dersom sakkunnig nemnd ikkje gjev klagar medhald, skal saka sendas til klagenemnda for behandling. Det er ikkje mogleg å reisa sak for domstolane om taksten og vedtak om utskriving før du har nytta klageretten, jf. forvaltningslova § 27 b.

Eventuell klage skal sendast innan 01.09.2021 til:

Time kommune
Eigedomsskattekontoret
Postboks 38

4349 Bryne

eller via sikker digital innsending til kommunen.

Har du spørsmål?
Spørsmål rettast til Time kommune, v/eigedomsskattekontoret, 51 77 61 04