Timebestilling

Trykk her for bestilling, endring og framskunding av vaksinedose

Desse gruppene får tilbod om vaksine nå:

Første og andre dose

  • Alle over 12 år.
  • 5-11 åringar (bare første dose).
    Viktig informasjon om vaksine til dei mellom 5-15 år her
  • Det må gå minst 21 dagar mellom første og andre dose ved Pfizer vaksine, og minst 28 dager ved Moderna. Ved kombinasjon av Pfizer og Moderna må det også gå minst 28 dagar. For personar under 18 år må det gå minst 8 veker mellom dosane. 

Tredje dose

  • Alle over 18 år.
  • Det må gå minst 20 veker mellom dose to og dose tre med koronavaksine.

Fjerde dose

  • Nokre risikogrupper som har fått tre vaksinedosar som grunnvaksinering er anbefalte ein fjerde dose som oppfriskingsdose.
  • Denne gruppa må vente minst tre månader mellom tredje og fjerde dose.

Drop-in

  • Tysdag, onsdag og torsdag kvar veke 09.00-14.30 (Første, andre og tredje dose). Meir informasjon her.

Har du hatt covid-19?

  • Dersom du har hatt covid-19, får du best effekt av vaksinen dersom du ventar 3-6 månader etter infeksjonen før du vaksinerer deg. Infeksjonen erstattar likevel ikkje oppfriskingsdose i koronasertifikatet. Gjennomgått covid-19 gir gyldig koronasertifikat i 180 dagar etter prøvedatoen. For å få gyldig koronasertifikat etter det må ein ta ein oppfriskingsdose. Du finn meir utfyllande informasjon om dette her.

koronasertifikatet ditt kan sjå kor tid du tok siste dose.

Om timebestilling

  • Du må logga deg inn med BankID.
  • Du får tekstmelding med bekreftelse på bestilling, tidspunkt og stad.
  • Treng du hjelp til å bestilla tid, ta kontakt med oss på 51 77 62 70 måndag-torsdag kl. 09.00-11.30.

På vaksinasjonsdagen

  • Vaksinering foregår i Kirsten Brynes veg 30 på Bryne
  • Møt på vaksinestaden tidlegast 5 minutt før avtalt tid. Dette for ikkje å laga kø og opphoping av personar. 
  • Kan du gå eller sykla når du skal vaksinera deg? Det er avgrensa med parkeringsplassar på vaksinasjonsstaden. 
  • Ha på klede som gjer det lett å sette vaksine i overarmen.
  • Du må ha på munnbind når du kjem til vaksinering.
  • Etter at du har fått vaksinen må du venta i 20 minutt før du kan gå.
  • Ikkje kom til vaksinering om du er sjuk, men gje beskjed til oss på telefonnummer 51 77 62 70.

Tid for andre dose

  • Time for andre dose (revaksinering) får du ved første vaksinering. Det vil vera same dag som første dose (men ikkje nødvendigvis same tidspunkt) berre seks eller tolv veker fram i tid alt etter kva prioriteringsgruppe du høyrer til.

Avbestilling og endring

Dersom du ikkje vil ta koronavaksine

Vil du ikkje ta koronavaksine ber me om at du registrerer dette på nettsida vår for timebestilling.

Spørsmål?

Her finn du fleire spørsmål og svar om vaksinen og vaksinering.