Status for vaksineringa i TimeStatus veke 15: Dei som er fødde i 1956 eller tidlegare får tilbod om vaksine nå. Er du fødd i 1956 eller tidlegare og ikkje fått tekstmelding om å bestilla tid eller tilbod om vaksine frå fastlege, ber me deg om å ta kontakt med oss på telefon 51776270. Denne telefonen er open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00. Kor mange er vaksinert i Time? 2447 personar har fått første dose. 795 personar har fått andre dose. På nettsidene til FHI vert vaksinestatistikken oppdatert dagleg. Kor mange vaksinedosar får Time kommune? Veke 15: 594 Veke 16: 534 Tidlegare vaksinestatus I veke 1-3 vart vaksinen gitt til bebuarar på institusjonar og bufellesskap. I veke 3 vart utvalde helsepersonellgrupper vaksinert etter føringar frå FHI. I veke 4 - 6 vart vaksinen gitt til personar over 85 år. Frå veke 6 vart vaksinen gitt til dei mellom 75 - 85 år. Frå veke 13 vart vaksinen tilbudt personar fødde i 1949 og tidlegare. Frå veke 14 vart vaksinen tilbudt personar fødde i 1952 og tidlegare. Dersom du tilhøyrer ei av gruppene ovanfor og ikkje har fått vaksine kan du bestilla tid for vaksinering. Sist endra12.04.2021 15.00