Spørsmål og svar

Her finn du spørsmål og svar om koronavaksinen.

Koronavaksinen

Må eg i karantene etter vaksinering og er eg smittsom?

Nei.

Kan eg få vaksinen dersom eg er sjuk på vaksinasjonsdagen?

Du skal ikkje møta til vaksinasjon dersom du på vaksinasjonsdagen:

  • har forkjølelsessymptom, feber over 38 °C eller andre teikn på infeksjonssjukdom
  • er i karantene eller ventar svar på koronatest
  • har blitt vaksinert med annan vaksine i løpet av siste 7 dagar
  • det har gått mindre enn 3 veker sidan du var ferdig med isoleringsperioden etter koronasjukdom (SARS-CoV-2)
  • er gravid utan å tilhøyra risikogruppe for alvorlig koronasjukdom.

Gje beskjed så raskt som mogleg til oss på telefon 51 77 62 70 kvardagar kl. 09.00-15.00. Vaksinasjonen vil då verta utsett.

Når kan eg ta vaksinen?

Talet på koronavaksinar som Noreg og Time får tilgang til, avgjer når dei enkelte gruppene får tilbod om vaksine. Regjeringa har bestemt ei prioritering som gjeld for heile landet (dette kan verta endra). Dei eldste og sjukaste skal vaksinerast først:

  1. Bebuarar i sjukeheim
  2. Alder 85 år og eldre
  3. Alder 75-84 år
  4. Alder 65-74 år og enkelte personar mellom 18 og 64 år med høg risiko
  5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/tilstand
  6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/tilstand
  7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/tilstand
  8. Alder 55-64 år
  9. Alder 45-54 år

Resten av innbyggarane vert kalla inn etter kvart som ein får tilgang nok på vaksinar. Du treng ikkje ta kontakt med fastlegen din for vaksine. Kommunen vil seia frå til deg når di gruppe står for tur.

Eg har ikkje BankID. Korleis kan eg bestilla time for vaksinering?

Dersom du ikkje har BankID kan du bestilla tid ved å ringa oss på telefon 51 77 62 70 kvardagar kl. 09.00-15.00.

Skal eg ta koronavaksine sjølv om eg har vore smitta av korona?

Ja. FHI anbefaler at personar som tidlegare har hatt korona også vaksinerer seg så lenge ein er i fin form og ikkje har seinverknader av sjukdommen når det er tid for vaksinering.

Personar som har hatt korona treng berre 1 vaksinedose.

Merk at det vert anbefalt at vaksinen vert gitt tidlegast 3 månader etter at ein har vorte frisk av covid-19.

Les meir på nettsidene til FHI.

Korleis fungerer koronavaksinen? Kvifor bør eg ta vaksinen?
  • Vaksinen får kroppen din til å laga antistoff mot koronaviruset. Då vil kroppen din seinare kjenna att viruset. Immunforsvaret vil då sikra at du ikkje vert sjuk om du vert utsett for smitte.
  • Sannsynlegvis vil vaksinen òg gjera at du ikkje lenger på nokon måte kan bringa smitte vidare. Når mange nok samtidig tek vaksinen, håper me at befolkninga saman skaper det me kallar flokkimmunitet. Då håper me at me kan venda tilbake til ein normalisert kvardag.
  • Korona er ein sjukdom som rammar menneske ulikt, ein kan ikkje alltid vita kven som vert alvorleg sjuk. Eldre og personar med kroniske sjukdommar har størst risiko for alvorleg forløp. Enkelte gonger ser me at både yngre og eldre kan ha seinverknader av sjukdommen.
Korleis kan eg vita at vaksinen er trygg?
  • Dei ulike koronavaksinane går gjennom eit omfattande testopplegg før dei vert godkjende. Fleire titusen personar deltar i testinga.
  • Sjølv om vaksinane har kome raskare ut i marknaden enn det som er vanleg, er det dei same reglane for godkjenning som gjeld. Det blir kontinuerleg samla endå meir informasjon i heile verda om vaksinen etter kvart som den vert tatt i bruk.
  • Om du vil ha meir innsikt i vaksinearbeid, kan du følga Vaksinebloggen.
  • Denne filmen frå Legemiddelverket fortel meir om test og godkjenning:

 

Korleis føregår vaksineringa?

Den vaksinetypen som vert brukt nå vil bli gitt i to omgangar med nokre vekers mellomrom. Andre vaksinetypar kan ha litt ulik dosering.

Møt opp 5 min før avtalen din. På grunn av smittevernomsyn må du ikkje møta opp tidlegare enn dette. Vaksinen vert sett i overarmen og det er derfor viktig at du har på klede som passer til dette.

Etter vaksinasjon vil du bli bedt om å venta på vaksinasjonsstaden i minst 20 minutt, slik at du kan bli fulgt opp dersom du skulle få nokon form for reaksjon.

Kor føregår vaksineringa?

Du vil få beskjed om stad for vaksinering når du bestiller time.

Frå veke 16 (19. april) vil vaksineringa føregå i Vardheihallen. Vardheihallen ligg i tilknyting til nye Vardheia ungdomsskule på Bryne.

Adresse: Nordlysvegen 10, 4340 Bryne.

Kva kostar det å få vaksine?

Vaksinering mot covid-19 er gratis.

Må eg ta vaksinen fleire gonger?

Koronavaksinen skal gis to gonger. Den andre dosen vil bli gitt nokre veker etter den første, avhengig av kva type vaksine du har fått. Du vil få time for andre dose når du får første dose.

Personar som tidlegare har gjennomgått covid-19 treng berre ein dose.

Har vaksinen biverknader?
Informasjon til helsepersonell som har fått vaksine frå AstraZeneca