Smitte og testing

Smitte og testing

Eg mistenker at eg er smitta. Bør eg testa meg?

Etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet, testar kommunane alle med mistanke om covid-19:

  • Alle med akutt luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19.
  • Alle som har vore utsette for smitte med covid-19, anten som nærkontakt eller etter reise i land eller område med høg forekomst dei siste 10 dagane
  • Andre gruppar kan testast etter vurdering av lege.

Frå 12. august kan alle som har mistanke om at dei er smitta av covid-19 testast utan å kontakta lege først. 

Testinga vert utført på luftvegslegevakta på Kleppe: Olav Hålandsveg 2, 432 Kleppe.

Ingen må møta utan avtale. 

Ikkje gå på jobb, skule eller barnehage dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon

Barn med rennande nase som einaste symptom og som elles er i god allmenntilstand utan teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon treng ikkje haldast heime eller testast.

 

Korleis bestiller eg test?

Du treng ikkje ha tilvising frå lege for å bestilla covid 19-test.
Det er viktig at du følger dei til ei kvar tid gjeldande kriteria for testing før du bestiller time. 

Bestill tid for koronatest på nettsida

www.c19.no
Logg inn med elektronisk ID, oppgje kontaktinformasjon og kryss av for om du bestiller time til deg sjølv eller til ein annan. Straks du har sendt inn skjemaet får du informasjon om når og kvar du skal møta opp. Tida du må venta kjem an på testkapasiteten.

Alternativt kan du ringa til legevakta for å bestilla tid for test
Dagtid 08-15: Ring 51 68 31 50
Ettermiddag, kveld og helg: Ring 51 42 99 99

Kor skal eg møta opp?
Testinga vert utført ved luftvegslegevakta på Kleppetunet i Olav Hålands veg 2, 4352 Kleppe, i lokala til Klepp og Time legevakt. Ingen må møta opp utan avtale. Møt til avtalt tid, ikkje lenge før avtaletidspunktet, for å unngå unødvendig kø.

Testing skjer når du køyrer eller går inn i telt som er sett opp på den store parkeringsplassen mellom Sirkelen-bygget og Kleppetunet. Følg skiltinga som viser kor du skal.
 

Luftvegslegevakta på Kleppe er felles for kommunane Time, Gjesdal, Hå, Klepp og Sandnes.

Avbestilling
Kjenner du deg betre etter at du har bestilt time, møt opp og ta testen uansett. Må du avbestilla av andre årsaker - logg inn igjen på c19.no og trykk på avbestillingslenka under bestillinga di.

 

Kor mange er smitta av koronaviruset i Time kommune?

23 personar frå Time kommune har fått påvist smitte av koronaviruset.

MERK:

  • Talet på smitta personar inkluderer også personar som har vore smitta, men som nå kan vera friskmeldt
  • 12 av dei smitta fekk dette påvist i mars.

Forrige bekrefta smittetilfelle i Time var 5. november.

 

Ansvarleg for smittesporing i Time kommune er kommuneoverlege Øystein Øgaard.

Unngå smitte - ha god hygiene og hald avstand

Korleis førebygga smitte? - helsenorge.no

Gjenopning - me må fortsatt halda 1 meter avstand og meir der det er mogleg. Les oppdaterte anbefalingar på helsenorge.no