Skular og barnehagar

Når skal ein testa seg og vera heime?

Alle med nyoppståtte luftvegssymptom (inkludert sår hals eller naseforkjøling) eller som mistenker at dei er smitta av covid-19, bør testa seg. Ein skal vera heime fram til negativ test føreligg og ein er i god form. Ein treng altså ikkje vera heilt symptomfri så lenge testen er negativ. 

Når ein testar seg på grunn av symptom, må ein ta vanleg test fordi hurtigtest ikkje er nøyaktig nok. Hurtigtest er berre aktuelt for symptomfrie nærkontaktar til smitta personar.

Barn i barnehage og barneskule med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, behøver ikkje haldast heime eller testast.

Ungdom i ungdomsskule og vidaregåande skule gjeld som under avsnitt 1, altså tilsvarande som vaksne.

Råd om skule, barnehage, leik og fritid frå helsenorge.no

Rettleiar for smittevern i skular og barnehagar

Er du nærkontakt til ein person med korona? Her er reglane som gjeld for deg