To smittetilfelle 12. april, men ingen nye ved skulane

Klikk for stort bileteTo personar frå Time fekk måndag 12. april påvist smitte av covid-19. I begge tilfella er det kjent smittekjelde, og nærkontaktar er satt i karantene.


Etter at to elevar ved Bryne ungdomsskule og ein elev ved Rosseland skule fekk påvist smitte i helga, har elevar og lærarar i karantene testa seg. Me har no fått svar på alle testane, og alle desse var negative.