Ti nye smitta 30. juni

Ti personar frå Time fekk påvist smitte onsdag 30. juni.

Det er kjent smitteveg i ni av tilfella, medan dette er ukjent i det siste tilfelle. Nærkontaktar er sette i karantene. 

- Dei fleste av dei smitta er mellom 20- 30 år, og smitten skjer stort sett i sosiale samanhengar. Det er viktig at alle huskar på at ein fortsatt skal halda ein meter avstand og begrensa talet på nærkontaktar, seier kommuneoverlege Øystein Øgaard. 

Totalt i juni fekk 54 personar frå Time påvist smitte av covid-19. Ordførar Andreas Vollsund seier at kommunen følger utviklinga tett:

- Torsdag klokka 11.00 skal me ha felles beredskapsmøte med Klepp, Hå og Gjesdal der me vil vurdera smittesituasjonen og eventuelle nye tiltak. Me har også tett dialog med Nord-Jæren om situasjonen, seier han. 

Sivdamheimen

Ein bebuar og to tilsette ved Sivdamheimen er blant dei smitta. Totalt har no fire tilsette og sju beboarar fått påvist smitte. Det er den britiske varianten av viruset som er påvist blant dei smitta på Sivdamheimen. 

- Smitten blant bebuarane på Sivdamheimen er begrensa til ein fløy på demensavdelinga, og dei fleste er allereie på bedringens veg, seier Øystein Øgaard. 

Heile demensavdelinga er isolert fram til 9. juli. Vibå dagsenter på Sivdamheimen er stengt denne og neste veke, og Time frivilligsenter kafe og aktivitet på Sivdamsenteret vil halda stengt denne veka.