Smittetilfelle ved Bryne vidaregåande skule

Ein elev ved Bryne vidaregåande skule har i dag (9. juni) fått påvist smitte av covid-19.

Vedkomande er frå Time, er nærkontakt til tidlegare smitta, og var allereie i karantene.

Smittesporing pågår, og nærkontaktar vert sett i karantene. Smittetilfellet er relatert til smitte i russemiljøet.

Dette er første smittetilfellet i Time denne veka. I førre veke fekk 19 personar i Time påvist smitte.