Smittetilfelle i Time 3. juni

Ti personar frå Time fekk torsdag 3. juni påvist smitte av covid-19.

Det er kjent smitteveg for alle dei smitta, og nærkontaktar er sett i karantene. Fem av smittetilfella er relatert til smitte i russemiljøet.

Til no har 12 personar fått påvist smitte etter utbrudd i russemiljøet denne veka. Åtte av desse er frå Time, medan fire er frå andre kommunar. 

Totalt har 17 personar frå Time fått påvist smitte denne veka.