Smitte ved Hotell Jæren

Ein tilsett ved Hotell Jæren har fått påvist smitte av covid-19. Gjester blir bedt om å ha låg terskel for å testa seg. 

Vedkomande var på jobb torsdag og fredag. Gjester og tilsette som er definert som nærkontaktar er sette i karantene, og er kontakta direkte om dette

- Øvrige gjester bør ha låg terskel for å testa seg dei neste dagane, også ved milde symptom. Dette gjeld gjester som var til stade på konsert torsdag kveld, og gjester i restauranten fredag kveld mellom 18.00 - 21.00, seier Øystein Øgaard,  kommuneoverlege i Time. 

Rådet om å ha låg terskel for å testa seg gjeld også for fullvaksinerte.