Smitte ved Annige Bar på Kvernaland

Ein person som var gjest på Annige Bar på Kvernaland laurdag 26. juni fekk i etterkant påvist smitte av covid-19.

- Gjesten som fekk påvist smitte var smitteførande 26. juni, og gjester og tilsette som hadde nærkontakt med vedkomande vart derfor satt i karantene. Det er lite truleg at øvrige gjester denne kvelden er utsatt for smitte, men for sikkerhets skyld bør dei ha låg terskel for å testa seg dei neste dagane, seier kommuneoverlege Øystein Øgaard. 

To av dei tilsette som vart sett i karantene har i etterkant testa positivt, og Annige Bar held stengt inntil vidare.