Negative prøvesvar

Alle som har testa seg i samband med at ein tilsett i heimetenesta fekk påvist smitte av covid-19 har testa negativt.

Torsdag 18. mars fekk ein tilsett i heimetenesta påvist smitte av covid-19. Alle nærkontaktar til den smitta og alle bebuarar på Kvernaland omsorgssenter vart testa. Svar frå testane viser at alle var negative. 

Som eit førebyggande tiltak var Kvernaland dagsenter stengt fredag, men er i dag ope igjen som normalt.