Negativ test for alle i karantene ved Kvernaland omsorgssenter

Klikk for stort bileteBåde bebuarar og tilsette i karantene ved Kvernaland omsorgssenterhar har testa negativt.

Etter at ein bebuar ved Kverneland omsorgssenter 14. april fekk påvist smitte av covid-19, vart alle bebuarane testa. Me har no fått svar på testane, og alle desse var negative. Dette gjeld både bebuarar som er definert som nærkontaktar og som er i smittekarantene, og øvrige bebuarar som var i ventekarantene i påvente av svar på test.

Seks tilsette er satt i smittekarantene, og desse har også fått negativt svar på testane sine. 

- Me er glade for at me no har fått negativt svar på første test for alle i karantene. Samtidig vil me fortsetta med nødvendige tiltak dei neste dagane. Mellom anna vil me halda Kvernaland dagsenter stengt både fredag og måndag, seier Britt Ellinor Scott, kommunalsjef omsorg.